Fysst, den lykta du meinar heiter kombinasjonslykt på SAABsk.
I utgongspunktet passar ikkje kombilyktene frå ein 900 på ein 99:a, men med vinkelslipar og sveiseapparat går vel det meste.

Er ihvertfall ikkje bolt-on, det ser ihvertfall ikkje so veldig likt ut, 99:an har litt metall mellom kombilykt og hovudlykt, på 900 går dette i ett.
Har ikkje sett kvite kombilykter til seinare 99-bilar, dei som har den stilige kombilykta får kvite lykteglas.
Medan vi snakkar om det, det er BTW den kombilykta med stort blinklys og lite parklys som er tøffast, det er med på å gi 99:an ein fin karakter.
Er vel om eg ikkje huskar mykje feil den fysste kombilykta på 99:an (då reknar eg den klassiske, som har fylt med like til 9000, via 900, mao ikkje den fysste som låg nede ved fangaren og vel egentlig berre var ei delt lykt med park og blink), den gikk vel like til M81 eller M82 om eg ikkje huskar heilt feil.