Hei! Har no sett inn T16 motoren, og tok en prøvestart i kveld. Først ville den ikkje starte p.g.a at eg hadde gløymt å legge opp signal frå coil til ECU. Men etter å ha lagt opp ledning til den starta den. Gjekk veldig ujamnt og ruskete. Fekk justert tenninga sånn nokon lunde, og tetta div vakuumslangar som eg hadde gløymt. Dette gjorde til at tomgangen blei nokon lunde normal, men litt høg, og framleis litt ujamn.
Så var det tid for ein prøvetur på veien. Dette blei skikkelig milkshake oppevelse. Den hakka av gårde som berre f.., og det gjekk akkurat å halde jamn fart, kanskje ørliten aks på vassrett veg. Hadde ikkje kobla i lambda sensoren, å tenkte det kanskje var den. Men ikkje den heller hadde nokon påverknad på motoren.
Så no er det eg då lurer på om nokon sit inne med gode råd i denne samanheng??
Kan forøvrig nemne at gasspjeldsensoren muligens er gåen, men vil denne skape så mykje krøll?? Når eg drar ut ulike sensorar som LMM, lambda osv verkar dette ikkje inn på motoren, går nett som før. Kan virke som den har sett seg inn i eit slags nødmodus..
Innsprøytninga er Lucas CU14.
Mvh Lars Johan
Fjuskete gange etter bytte av motor!!...
Moderator: Moderatorer
Fjuskete gange etter bytte av motor!!...
Saab 9-5 Vector Sport M05
- Hjelle, N6
- Site Admin
- Innlegg: 8371
- Registrert: 25 feb 2003, 01:00
- Medlemsnummer: N6
- Kontakt:
Reingjordt tomgongsventil?
Målt vaccum?
Ref. mitt problem med hakkete gonge på min bil med Lucas ordna mykje av rykkinga seg når eg skifta "foringane" i innsuget, kosta vel 42:- pr stk på SAAB dei eg kjøpte, og avhengig kva innsug du har er det litt forskjellige størrelsar på foringane. Har du "Lucas-innsuget" er alle tre foringane like.