Nei, bilen startar som "normalt", går opp mot 14-1500rpm før den legg seg ned mot 1000rpm. Etter kort tid vil den gå daude vekk ved å gå ned på 500rpm og so slokne heilt om en ikkje gir litt motgass slik at turtalet vert rundt 1000rpm. Om en om en held turtalet på 1000rpm ei stund (2-3 min kanskje) kan en ta foten av gassen og observere at tomgongen er normal, heilt til en rusar bilen litt (opp mot 2k-2k5rpm), då får den same tomgongproblem att, vil gjerne ned mot 500rpm. Då må en holde litt motgass att, men ikkje so lenge som ved oppstart.
Har foressten også bytta 2 av dei 3 gummi-foringane på innsuget (der luftslangar frå BTR kjem inn osb), den nye fyren på SAAB-delelageret påstår at det ikkje var samme delenummer på alle tre foringane, når eg kjem heim og studerar EPC-en finn eg ut at det ER samma foringa på alle tre plassane om en har B202-motor med katalysator... :/ Den foringa der luftslangenslangen frå BTR kjem inn er forskjellig på bilar med B202 utan kat og B212-motorane, men altså lik på B202 med kat.

Moralen må vere at en sjekkar EPC og skriv ned delenummer en skal ha før en handlar deler...
