Heilt klart skinn, 11 av 10 gongar.
Eg skal ihvertfall ikkje ha noko anna på framtidige bilar, ihvertfall om eg har valget. Særs behagelig å sete i iforhold til vanlige velour seter.
Men ein ting er dårligare med skinn vs. velour, det er haldbarheita. Eit veloursete varer og varer når det gjeld slitestyrke, eit skinnsete vert fort dårlig om en ikkje vedlikeheld det.
Eg har beige skinnseter i minn, og har ikkje merka noko av at det er so mykje varmare enn stoffseter på varme dagar. Har heller ikkje merka at det er so kaldt på vinteren, men eg har dog. ikkje brukt 900-en (som eg har skinn i) so mykje på den årstida. I år står den på lager, i fjor vart den brukt når det var plussgrader (og saltfritt) helst. Hadde den ute i minus 15, det var ikkje noko problem for bakenden min...

En har då varmeseter, og SAAB varmeapparat.
Ang. varmen, eg køyrde i fjor sommar Trollhättan-Sunnmøre i sterk varme (var nok godt over 20 grader heile turen) og solsteik, og den sveittinga enkelte snakkar om når dei har skinn merka eg ikkje noko til, verken eg eller brorsan som var passasjer. Køyrde i ein strekk, kun avbrutt av litt harry-handling i Charlottenberg, og middagsmat på Kongsvinger.
Får seie som ein lokal rånar her i bygda når han oppdaga skinnseta mine, "det er ikkje akkurat leather-look dette her". Trur monge som har slike påstandar om at skinn er veldig varmt og veldig kaldt ikkje har so veldig mykje erfaring med skikkelige skinnseter. Var ihvertfall det eg fekk høyre før eg kjøpte, at det skulle vere so forferdelig. Mulig det er værre i sommarvarmen med svart skinn, det skal eg ikkje seie. Men en har då AC...
Eg kjøper definitivt skinn på neste bil også som sagt.