Side 1 av 1

Vakuum/bensinslangar

Lagt inn: 18 mar 2004, 22:40
av Lars_N289
Hei! Er det nokon som veit om kor ein får kjøpt bensin og vakuumslagar? Er også ute etter sånn "pynteslange" som ein trer utanpå slangar, kva får ein tak i slikt?

Lagt inn: 19 mar 2004, 12:05
av Hjelle, N6
Tess har oljeslagar og bensinslagar. Eg brukte ihvertfall oljeslangen til Tess som vacuumslange. Ellers har Speedparts silikonslange.
Ellers er det din nærmaste skikkelige bensinstasjon som har slikt, dvs. den bensinstasjonen som faktisk har ein lyftebukk eller 5, og ikkje er noka Brustadbu.

Lagt inn: 19 mar 2004, 15:12
av Lars_N289
Bensinstasjonar har, men shellen der som eg bur har vannvittig dårlig utvalg. Dei hadde mykje meire før dei begynte med matvarer og anna dill som ikkje høyrer heime på ein bensinstasjon. Såg dei hadde på speedparts, men dei va no litt dyre.

Til dei som lurer på å kjøpe bensinslangar frå biltema. Hold dokke vekk i frå dei, hadde det ei stund, men dei gjekk i oppløysning rimelig kjapt. Tålte ikkje bensinen. :-x

Lagt inn: 19 mar 2004, 19:33
av Hjelle, N6
Shell er stort sett berre egna til å fylle opp magen.
Det virkar på meg som at det er Hydro Texaco som er nærmast den klassiske bensinstasjonen. Esso har no til og med starta med å jamne stasjonar med jorda, for å bygge opp småkioskar, med muligheit for bensin... :/
Er rett nok dårlig med HT-stasjonar i Sogn og Fjordane, det er vel på Stårheim det finns ein, som er nær deg. Men det vert då tungvint å reise dit for å sjekke om dei kanskje har slangar. ;)
Tess har avdelingar i Sogndal, Florø og Førde, sjekk http://www.tess.no -> velg "Ålesund" og deretter ønska avdeling på framsida for telefonnummer til den avdelinga som er aktuell. Er også ein nettbutikk der du kan kike på produkta.

Lagt inn: 19 mar 2004, 21:44
av Lars_N289
Hjelle, N6 skrev:Shell er stort sett berre egna til å fylle opp magen.
Det virkar på meg som at det er Hydro Texaco som er nærmast den klassiske bensinstasjonen. Esso har no til og med starta med å jamne stasjonar med jorda, for å bygge opp småkioskar, med muligheit for bensin... :/
Er rett nok dårlig med HT-stasjonar i Sogn og Fjordane, det er vel på Stårheim det finns ein, som er nær deg. Men det vert då tungvint å reise dit for å sjekke om dei kanskje har slangar. ;)
Tess har avdelingar i Sogndal, Florø og Førde, sjekk http://www.tess.no -> velg "Ålesund" og deretter ønska avdeling på framsida for telefonnummer til den avdelinga som er aktuell. Er også ein nettbutikk der du kan kike på produkta.
Takk for opplysningane! :D Får satse på tess, dei e no i allefall proffesjonelle i yrket. 8)