Turbo spørsmål!
Lagt inn: 19 mar 2004, 22:02
Som sagt skal eg sette inn ein T8 i bilen. Kjøpte ein motor med medfølgande turbo. Dette hadde tilsaman gått 250000km. Så turboen er ganske mykje slark i. Men eg har også liggande ein som er nesten lik bortsett frå avgasshuset. Det er litt større, pluss at den har ei fast WG klokke i avgasshuset. Den har stått på ein diesel, og eg har høyrt at denne klokka opner på 0.6-0.7bar. Korleis vil dette fungere saman med apc'en? Må apc systemet ha eit visst grunnladetrykk? Tenkte også å demontere denne klokka, men er usikker på korleis den er festa. Nokon som har vore borti ein slik turbo før? Går det an å justere denne klokka? Den har ikkje membran, trur det er eit slags stempel, er ikkje sikker.
Nokon bra sider med info om dette på nettet?
Nokon bra sider med info om dette på nettet?