Kva skal eg sjekke ved kjøp av '04-modell 9-5 2.0t?
Lagt inn: 25 jan 2010, 10:11
Hei godtfolk!
Eg er på nippet til å handle meg 9-5 og treng nokre råd og tips til kva eg skal sjå etter.
Det er ein 2004 modell (registrert 2. januar '04), 9-5 2.0t Vector.
Den ser fin ut i lakken, det skal ikkje vere rust på den, den har komplett servicehefte, og det er bytt olje og -filter med dobbel intervall (~15' km); alt gjort hjå Scan Auto, Bergen.
Bilen har gått ~105' km, i ei blanding av lange helgeturar og korte turar til og frå jobb (lange = Bergen - Austlandet, korte: ~10 km).
Eg har sjekka med Scan Auto, og dei bekrefta at det er ein ein "ekte" '04-modell (med tanke på oil sludge- og turboproblematikk), og meiner det er eit god kjøp.
Elles kan nemnast nye (dyre) sommar- og vinterdekk, samt nye (originale) 16" felgar på vinterdekka (garanti; då dei gamle vart ete opp av di dekka roterte på felgen), nye xenon-pærer og litt anna snacks som blåtann handsfree og inngang for MP3-spelar (kan det stemme at dette er ettermontert?).
Bilen vert levert på EU-godkjenning i morgon, og vert overlevert meg ferdig godkjent for 165 000,-.. Eg tykkjer ikkje dette høyres ut som ein dårlig deal..
Men er det andre ting eg må sjå etter, og er det ting som er kjent for å ryke på desse bilane i løpet av neste 20-30' km? (Det er greit å vite om det..) Om f.eks. turboen vert dårligare, men fungerer, ser eg ingen grunn til å byte den om det ikkje er naudsynt mtp. fare for motorhavari..
Alle råd og tips tas i mot med takk!