Side 1 av 1

Rykkande gange

Lagt inn: 23 aug 2004, 21:43
av Lars_N289
Hei! Har eit lite problem med min T8. Når eg ligg på ca.1500-2000 omd, i kva som helst slags gir, rykker det mykje i bilen. Dette er berre når eg ikkje belastar motor. Men når eg slepp gasspedalen heilt, rykker det heller ikkje. Kva kan dette vere, er nesten sikker på at det må ligge i bensintilførselen, men så?? Bilen går for øvrig fint på tomgang, og høgre turtal. Nokon som har opplevd noko liknande. Kan det vere dårlige dyser, eller fjuskande bensinpumpe. Her ein liten mistanke om dette men.

Lagt inn: 23 aug 2004, 22:09
av skilpaddaN287
Minner om da apcboksen røyk på min bil

Lagt inn: 24 aug 2004, 07:08
av Lars_N289
Tvilar på det, er ikkje APC-boks i bilen. Eg kjøyrer på glt i innkjøringsprosessen.

Lagt inn: 24 aug 2004, 13:33
av Øyvind
Det kan jo være brenseltrykkregulatoren. Hvis den gir for mye trykk på lav belastning kan vel motoren oppføre seg slik. Bare et forslag.

Lagt inn: 24 aug 2004, 13:59
av Hjelle, N6
Kva pluggar du brukar då?
Ville også ha sjekka vacuumet for sikker heits skuld, berre for å sjekke om det ikkje er lekasje nokon plass.

Lagt inn: 24 aug 2004, 17:56
av saabanders
Jeg hadde et lignende problem på min Sonett, men det er jo en forgassermotor. Der var problemet falsk luft, mellom forgasser og innsugningsmanifoilden. En kammerat meg det andre svenske merket hadde også noe som lignet. Der var problemet en morken slange til bremseservoen.

Anders

Lagt inn: 24 aug 2004, 22:08
av Lars_N289
Kva skal vakuumet vere då? Eg har ein gradert målar som går ned til -1. Men den ligg litt over det på tomgang. Kor mykje skal det vere?

Lagt inn: 24 aug 2004, 23:15
av Hjelle, N6
lassis70 skrev:Kva skal vakuumet vere då? Eg har ein gradert målar som går ned til -1. Men den ligg litt over det på tomgang. Kor mykje skal det vere?
På min ligg vacuumet rundt 0.7-0.8. Ikkje dermed sagt at det er ein korrekt verdi, men bilen går greit nok, og går jamt og fint oppover heile registeret. Ein kar som hjelpte meg med å finne litt ladetrykk i fjor sommar meinte på at det var ein grei verdi. Same med 9k-en til brorsan, der er også vacuumet rundt 0.7-0.8. Tek gjerne imot korrekte verdiar om det viser seg at "mine" er borti staur og veggar.