Det spørs korleis kassa slurar.
Slurar kassa på den måten at du har lusefart er det nok lammellar. Slurar kassa fysst når du skal skifte gir kan eit filter og oljeskift på kassa hjelpe på. Uansett er det nok ikkje dumt å bytte filteret på kassa (kjøp for all del orginalt, det kostar rundt 300-350kr for orginalt ZF-filter kjøpt på SAAB, mulig Pug eller Citröen har same filteret billigare, kassa heiter ZF4HP18 og sat i ein bla. Pug 605 og Citta CX/XM med det eg huskar), sidan ein so gammal bil har sansynligvis ikkje fått sørvis på automatkassa på nokre km. Kassa tek rundt 4.5 liter om det er ein 2.0, rundt 5 liter om det er ein 2.3. Skal du bytte i converter også kan du som ein tommelfinger regel dobble desse tala (er litt usikker på eksakt mengde, men dette er ihvertfall ikkje for lite olje. Uansett, ikkje baser deg på å bylle olje etter desse talla...). Husk på at for mykje olje i kassa ikkje er bra for lamellane. Trur nok det var det som var siste stikket som drap lammellane på eine 9k-en her, at det vart fyllt på litt for mykje olje når kassa starta å slure.
Å bytte kasse er då likt når det gjeld manuell og automat på 9k, vi brukte vel eit par dagar på reprasjonen, er en dreven og veit eksakt kva som skal skruast laust osv går det nok kjappare. Ein del av tia gikk med til å stusse...

Sjølve byttet av lamellane sette vi vekk til nokre andre. Kjøpte eit overhalingssett på Sarpsborg Motor, men ser no at Speedparts har det du treng for omtrent det same, mulignes billigare har ikkje sjekke so nøye. Husk på når du fysst har ute kassa å få justert det bremsebandet skikkelig, det er visstnok det som ofte køddar på desse kassene.
Skal du bytte over frå automat til manuell er det ein god del jobb etter som eg forstår det, det beste der er å få taki ein delebil slik at du får plukka over det som trengs.
BTW: Korleis gikk det med Aeroen?