Eg registrerar at Vassendgutane har stor gjennomslagskraft her, til tross for at dei "aldri he vore til bya"
Her går det mest i skandinavisk musikk, og det meste går vel i dei "forhatte" sjangerane ingen andre her høyrer på.
![Wink ;)](./images/smilies/icon_wink.gif)
Nemner i fleng; PK, Ingemars, Åsmund Åmli, Gyllene Tider, Vinskvetten, Sven-Ingvars, Steinar Engelbrektson, Ole Ivars, Picazzo, Too far gone, Vassendgutane, Grönwalls, Wizex, Lasse Stefanz mfl. Kjempemusikk å køyre til, både i privaten og i lastebilen. Avog til ryk også radioen på, men det begrensar seg til P1, sidan det er einaste kanalen i området her som har nogenlunde dekning
![Neutral :|](./images/smilies/icon_neutral.gif)
Ellers er eg rimelig altetandes innan musikk, men klassisk, rap, den tyngste tungmetallen og technoen utgår
Er ikkje alltid musikk er nødvendig heller, turane i 900:an går ofte utan stereo. Kan ikkje skryte på meg anlegg heller, begge bilane har relativt originale anlegg (9k-en har ettermonterte 6x9" bak). Heime er det eit kompaktanlegg ifrå Grundig som får gjere jobben. Men må nok etterkvart bytte det ut no, det er vel snart 15 år gammalt, og det hadde vore kjekt med noko som gir litt betre lydgjengivelse...
Reknar med eg får gjennomgå etter dette inlegget
![Wink ;)](./images/smilies/icon_wink.gif)