Legg inn
av saabanders » 31 des 2006, 22:24
Litt kultur og ønske om eit godt nytt år
Etter ein rangel
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men syngje åndelege sangar i Zions bedehus,
trur eg.
Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som bare fan,
trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
trur eg.
Eg skal sitje som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan drøset går um andelege ting,
trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg nok må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
trur eg.
Mvh Anders