Sidespegel

Innlegg som er av ikke-teknisk art skal postes her.

Moderator: Moderatorer

Svar
Brukeravatar
Alec
Innlegg: 4
Registrert: 02 okt 2013, 02:47
Navn: Alecsander
Bil: 98 9-5 2,0t SE
Sted: Østfold

Sidespegel

Legg inn av Alec » 02 okt 2013, 15:52

Hallo i stugu! Verkar som det er mykje hyggjeleg folk her inne, så tenkte eg ikkje kunna tapa på å gjera meg kjend etter å ha luska omkring ei stund.

Eg har nettopp kjøpt min fyrste bil, ein Saab 9-5 2,0t 1998 SE. Det var ikkje planlagt at det skulle bli nokon Saab, det må eg vedgå. Men då mogelegheita tilbaud seg, var eg ikkje sein med å trå til! Bilen fekk eg skremmande rimeleg, så eg reknar med å måtte punge ut med vedlikehald, men det er greitt. Fyrstebilen må jo ha nokre manglar for å vera ein skikkeleg fyrstebil, synst de ikkje? :)

Eg er ingen driven bilentusiast, men lærer smått om senn og merkjer at interessen veks litt etter litt, han òg. Men jo, kan vel ta alt det andre seinare og heller konsentrere meg på det som eg faktisk laga denne tråden for. Den einaste tydelege skavanken som finst utanpå (utanom litt rust på bagasjelokk), er høgre sidespegel som tidlegare eigar har køyrt borti noko med. Han funkar, men heldest saman ved hjelp av teip. Eg har rådført meg litt omkring og fått høyre tilbod om ein fint brukt spegel til 1450,-

Dette framstod som litt dyrt med tanke på tilsvarande delar til andre bilar i familien, men kanskje de veit? Er det verkeleg dyrt, eller gjennomsnittleg?

(Dersom eg har laga denne tråden i gale underforum, beklagar eg. Berre å flytta han.)

Alec

totakt
1.2 bar
1.2 bar
Innlegg: 295
Registrert: 28 feb 2012, 15:13
Medlemsnummer: N2343
Navn: Jens
Bil: 900s 1997
Sted: Vennesla

Re: Sidespegel

Legg inn av totakt » 02 okt 2013, 23:52

Hei og velkommen.

Synes kanskje prisen på speilen var noe stiv. Har du tid og tålmodighet til å lete, bør du kunne finne noe rimeligere. Eventuelt legge det inn her under ønskes kjøpt.

Brukeravatar
Alec
Innlegg: 4
Registrert: 02 okt 2013, 02:47
Navn: Alecsander
Bil: 98 9-5 2,0t SE
Sted: Østfold

Re: Sidespegel

Legg inn av Alec » 03 okt 2013, 00:25

Takk for tilbakespill! Har nok tid til det, og jeg trur pengeboka hadde foretrukket det også :)

Svar