henrikwl skrev:Dopus skrev:for dem som handler på elkparts...husk å legge til moms og frakt på prisen er ikke alltid det blir så veldig mye billigere.
Så forsendelser fra Elkparts blir alltid stoppa og fortolla?

Vurderte å handle der, men hvis det ikke blir så mye billigere er det jo nesten ikke vits. Og det gjelder vel kanskje egentlig alle utenlandske, også PartsForSaabs?
Ja.
Sendingar over 200NOK vert stoppa for fortolling.
Ein annan ting å huske på når du handlar ifrå Elkparts og Partsforsaabs er at en får kjøpe delene utan engelsk moms (17.5%). Sumen du får oppgitt når du har registrert deg som kunde og skal betale er momsfritt. Frakta vert også estimert FØR du betalar, slik at du heile tia har full kontroll på kva frakta egentlig kostar. Korleis pakken vert sendt er avhengig av vekt og volum på pakken. Elkparts brukar UPS på alt som er over det som kan sendast som brev. Partsforsaabs brukar eit firma som heiter Nordisk Ekspress på pakkar inn til Norge. Når pakkane er ferdig tolla av Nordisk Ekspress sender dei det vidare med ulike transportørar avhengig av kvar du bur i landet. Men for oss utanom byområda kjem pakkane i Posten.
Når det gjeld sjølve tollbehandlinga er UPS å anbefale. Veldig kort tid ifrå pakken er sendt ifrå England til du ahr den på døra i Norge. Rekning på momsen/tollen får du etter du har fått pakken. Eg har fått eindel med UPS, og det har sjeldan gått meir enn ei veke ifrå eg har bestillt ting til eg har hatt det på døra, enten om det er Sverige eller England varene er sendt ifrå.
Når det gjeld Nordisk Ekspress opplevde eg at pakken min stod ein månad på tolllager (jada, eg betalte same dag som rekning kom) i Oslo før den vart sendt med posten. Der fikk eg eit brev om at eg måtte betale inn momsen før pakken vart sendt. Når eg hadde betalt måtte eg ringe til NE og oppgi personnummer. Deretter måtte dei vente på at det vart registert i deira system før dei kunne sende pakken. Eg måtte til alt overmål ringe to gongar før pakka vart sendt. Men det er sikkert eg som var uheldig, muligens ein svikt i rutinene deira som gjerde dette? Ikkje veit eg ihvertfall, men når eg har vore vand med UPS sitt smidige system er eg ihvertfall ikkje i tvil kven eg vil ha sendt varene mine med av desse to.
Når det gjeld prisnivået er det stort sett originale deler desse to er rimlige på, deler som er uoriginale brukar desse stort sett Speedparts som levrandør på, og prisnivået er etter mi meining ganske likt, enkelte varer er Speedparts Norge dyrare på, andre billigare på. Om det er "Speedparts varer" en har tenkt å kjøpe er det like billig (og stort sett smidigare) å handle ifrå Speedparts direkte.