NÅr det gjeld heftelsar i Sverige vil du ved eit søk på Transportstyrelsen få opp merknad i fall det er en heftelse på bilen. Evt kan du ringe dei og be dei sjekke dette.
https://www21.vv.se/fordonsfraga/?epslanguage=sv
Når det gjeld papir i tollen går dei ut ifrå kva namn som står i vognkortet når du/tollaren skriv deklarasjonspapira, so at det er eit anna papir i vognkortet trur eg ikkje har noko å seie, men det kan for all del være en fordel at namna er korrekte, for å skugge unna eit potensiellt problem.
Ellers bør du passe på å få med både del 1 og del 2 av vognkortet. Det er ikkje noko krise å kun få med del 1 (den delen med tekniske data). Problemet du vil møte med kun å ha del 1 er at når du kjem til trafikkstasjonen kjem du ikkje til å få registrert bilen den dagen. Trafikkstasjonen må då sjekke opp, og få tilsendt opplysningane ifrå Transportstyrelsen i Örebro. Dette tek vanligvis rundt ei veke, ergo må du vente litt lengre med å få skilt på bilen, samt ta to turar til Trafikkstasjonen.
Ellers har du rutinene med skilt om du har tenkt å køyre bilen heimatt, svensken vil mest sansynligvis ordne med innlevering av skilta sine sjøl, ergo må du ha med prøveskilt om du skal køyre bilen heimatt. For å få prøveskilt må du skaffe en kopi av svensk del 1 av vognkort, slik at Trafikkstasjonen har en "bekreftelse" på at chassisnummer eksisterar.
Når det gjeld melding om eigarbytte (del 2 av svensk vognkort) er det greiast at du kryssar i ruta for Export om du har tenkt å registrere bilen umiddelbart i Norge. Dette har med rutinene for korleis bilen vert skriven ut av det svenske bilregisteret. Vert ikkje det korrekt utført får selgar av bilen dei faste rekningane på registreringsavgift osv.
Kryssar du for Export og svensken tek skilta og vil sende dei inn sjøl, må du også sende en kopi av deklarasjonspapira til selgar, slik at han kan legge ved det når han sender inn skilta, alt dette for at den skal verte korrekt sletta ifrå det svenske registeret. Meir informasjon om dei ulike metodene ved eksport ut av Sverige finns på
http://www.transportstyrelsen.se/sv/Vag ... av-fordon/
Ellers må du ha papir ifrå SAAB som "typegodkjenner" bilen, sidan den er gamlare enn 2002 modell, men det reknar eg med du er klar over?