Eg har leita litt rundt på internettet, men veit ikkje heilt om det eg fann gjaldt min bil osb.
Har nettopp kjøpt førstebilen min, ein Saab 900 GL, 84mod, 5dørs hatchback. Er veldig nøgd med bilen, men eg trur kassettspelaren må gå!

Det eg lurer på er kva slags (då snakkar eg størrelse) høgtalarar får eg plass til i bilen. Det er to framme, og så er det laga plass til to til bake i bagasjerommet. Og er det mogleg å få lagt høgtalarar i døra, sjølv om det ikkje er laga noko "høgtalarplass" i døra?
Ett lite tilleggspm. Kva står GL for?
(Veit ikkje kva det står for, så eg veit heller ikkje kva avdeling på forumet eg skal legge det i, så eg håpar det går greit)
Takk for svar på forhånd!

Helsing fersk Saab-eigar og forummedlem!