Når du kjøper ei US-bliklykt er det kun lykta du får slik eg har forstått det utifrå tidligasre postingar og STCS-forumet. Du må kjøpe ny pæreholdar på SAAB som er 3-polig og legge opp ekstra ledningar til denne. GM900 har vel ikkje noko av dette drege opp ifrå før med anna det er ein US-modell. Funksjonen til US-blinkers er vel at i den pæreholdaren som du har blinklys i skal være 3-polig. Pæra må dermed byttast til ei 21/5W-pære, der du får eit parklys på 5W. i den bakre pæreholdaren (som er 2-polig) skal det være sideryggelys. På 9-3 koplar en seg inn på pinne 45 (kvit ledning) på DICE og eit passande jordpunkt. Usikker på kvar en koplar seg inn på GM900, men er vel noko av det same der for å få sideryggelys.
Sjølv laga eg ein versjon av "US-blinkers" på 9-5en nylig. Brukte dei originale sideblinkersane, tok ut hol for den bakre pæreholdaren. Kjøpte kontakt, 3-pola pæreholdar og kabelsko som passar i kontaktene på SAAB. På 9-5 ver 1 ligg det lagt opp ledning til park allereie, so om en vil ha halvveis US-lys er det berre å kjøpe 3-polig pæreholdar og ei oransj 21/5W pære, so har en 5W oransje parklys i blinklyset. Det eg gjorde var å flytte kabelsko nr. 2 i blinklyskontkta over til den bakre pæreholdaren, henta jord ifrå eit passande jordningspunkt og kopla til pinne 4 i den bakre kontakta. Monterte inn ei klar 21/5W pære i bakre pæreholdar. Dermed har eg eit markeringslys som ser slik ut:
http://tahjelle.googlepages.com/IMG_1865.JPG" onclick="window.open(this.href);return false; Drog inn ei ekstra grøn ledning til sideryggelys, den skal koplast i ei blå 43-polig kontakt under venstre A-stolpe, og på pinne 3 i den bakre kontakta. Sjølvsagt var det ein annen kabelsko som skulle i den 43-polige kontakta, so det gjenstår også å kople. Men tok en liten test ved å ta den kontakta på den fremste pæreholdarne bak, og slå på blinklyset for å sjå korleis det vert sjåandes ut:
http://tahjelle.googlepages.com/IMG_1868.JPG" onclick="window.open(this.href);return false;
Originale US-blinkers har som de veit ein oransje refleks i lykta, og somsagt skal parklyset egentlig være i den fremste pæreholdaren. Eg ville ikkje ha oransje parklys, derfor gjorde eg det på denne måten. Synes også det såg bedre ut med parklyset lengre bak enn å ha det i blinklyset. Om det er interesse kan eg legge dette i FAQ når eg har fått kopla heilt ferdig. Prinsippet er uansett likt på GM900/9-3 og 9-5.
Edit: Nei, det er ikkje lovlig å gjere dette, verken på den måten eg har kopla eller å kople "originalt" US-parklys. I Norge skal dessuten parklys framover være kvite. Bakover skal det være raudt, oransj er lovlig til sida. Ryggelys er eg usikker på, det er vel ikkje ulovlig med det eg har fått med meg.