Handsfreekobling, 9000
Lagt inn: 08 mai 2003, 22:24
Hei.
Har kopla ein Ericsson HCA-20 handsfree i ein M95 9000 CDE (2.0i).
Har kopla straumen til styringsboksa via el.sentralen bak hanskeromet, og det er eine punktet for el.seter som er brukt (straumtjuv på ledninga før den går inn på sikringsstikket, etter straumtjuven er det lagt opp med eiga sikring (3A), og eiga joring er dregen bort til jordingsklemmene i el.sentralen.)
Når bilen står med tendinga på, i stilling 1, er alt OK. Telefonen får lading, og og handsfreesettet funkar fint på alle måtar.
Problemet kjem når motoren vart starta, då tek ikkje telefonen lading, og handsfree-settet virkar ikkje.
Det er eigen høgtalar på anlegget, slik at det er ikkje kopla via stereoanlegg med noko utstyr.
Telefonen ein Sony Ericsson T68i, men det skal ikkje ha noko å seie alt medan vi har prøve med både min og gammern sin.
Elektronikkboksa ligg BTW under elektrosentralen bak hanskeromet, høytalaren er plassert under førarsetet og mic er ved A-stolpen på førarsida. Holdaren er plassert midt i bilen ved nødblinkbrytaren, og er montert på ein MTU brakett, tilpassa for 9000.
Veit at Ericsson forslår å kopla sakene rett på batteriet, men det vert mykje styr med draging gjennom torpedovegg, so vi kom fram til at dette burde gå, alt medan el.stol uttaket har 12V når tendinga er på, og ingenting når den er av, og det er det vi er ute etter.
Nokon som har tips? Det er tydelig at telefonen ikkje får straum når me startar bilen, men kvar kan feilen ligge?