Ole-P skrev:Jeg bestilte ikke på scandic, men på hotel Bele. det ble over 1000,- kr billigere. Hotellet ligger midt i sentrum!
Er stort sett slik det har vore når eg har sjekka prisar også, unntaket er når Scandic-kjeda køyrer kampanje, då er det nokso hipp som happ. Bele er då eit ganske lite hotell, lettare å få plass på Scandic, ihvertfall når en skal bestille i siste lita...
Ein annan ting å tenke på er korleis det er med parkering, Bele har vel ein liten plass utanfor hotellet, ergo bilen står ute. Scandic har eit P-hus rett over gata som er stengt på kveld og nattestid (du kjem deg rett nok inn døgnet rundt med kode som du får når du sjekkar inn på hotellet). Prisen på det var vel 50:- SEK for eit døgn eller noko slikt. Store fine parkeringsluker var der også, slik at en ikkje risikerar å få parkeringsbulkar.

Einaste negative er at der var nokre dumpar inne i P-huset, ikkje det kjekkaste for bilar som er ein del senka. 900:an med Bilstein Sport og Lesjöfors gikk dog fint over der.