Gratulerer Lars, rett nok "feil" 900, men dog ein ny SAAB.
Ja mykje vil ha meir, og f*** vil ha fleir er det noko som heiter, men denne GM900-en vert vel køyrbar på vinteren i forhold til 9-5-en...
Eg satsar heller på å gå den andre veien, 9-5 som bruksbil og 900-en som sommarbil/godbil...
Har ikkje so mykje å bidra med når det gjeld dekk.dimmen, men vil tru chassiset vert ein smule betre enn orginalt når du gir det nye fjører, 205/55-16 (som vel er mest aktuellt) er då ikkje so veldig voldsomt.
Men når det gjeld valget av dekk er det kjekt å sjå at eg er forut mi tid, i fjor kjøpte eg Pirelli P7 på 900-en min i 195/60-15 dimensjon. No er eg ikkje nokon professor på dette med dekk og køyreegenskapar, det er det sikkert monge som er betre enn meg på det området, men eg synes dekka sit bra, både på tørt og vått føre. Har også fått bekrefta det av ein som er litt kunig, at min bil med nemnde dekk, Kilen (Lesjöfors) fjører og Bilstein sport demparar var ein av dei betre 900 han hadde køyrt.
Meinar på at når eg las testar i fjor vår hadde eit eller anna blad testa ein BMW M3 og ein Ford Mondeo (huskar ikkje motorstørrelse, men det var ein "vanlig" motor, ikkje den største, og heller ikkje den minste motoren) på ei bane med vått, og der sette Ford-en betre rundetid enn BMW-en, Forden hadde Pirelli dekka, BMW-en hadde noko andre dekk som eg ikkje huskar på i farta. Mulig det er BMW som er so dårlig?
Einaste eg synes er dårlig med dekka solongt er prisen, huska ikkje heilt kva eg betalte men det var vel 1300-1400 kroner dekket meinar eg på, sjølv i ein nokso beskjeden profil som den eg valde. Men 16" er ofte billigare enn 15" no, so kanskje prisen ikkje vert so galen...