"Check engine"

Åpent forum for alle Saab entusiaster. Her postes Saab/bil-tekniske innlegg.

Moderator: Moderatorer

Svar
roybatevik
Innlegg: 2
Registrert: 21 apr 2009, 10:53

"Check engine"

Legg inn av roybatevik » 22 apr 2009, 07:47

Hei

Har ein Saab 900 1993-modell av gamletypen som har lidd under "check engine" lampa ei stund no.

Var først på ein lokal verkstad for avlesing av feilkodar. Desse har heile tida vore "for mager blanding" og innimellom "for feit blanding". I starten hadde bilen ingen symptom men etterkvart har det tilkome varierande tomgangsturtal og etterkvar ein relativ heftig bensintørste! Ein periode måtte eg legge ein liten fot på gasspedalen på veg inn i vegkryss for at den ikkje skulle stoppe.
Først vart feilkoden sletta og det vart feilsøkt etter falsk luft utan at dei kunne finne noko. Deretter gjekk det 3-4 lykkelege dagar før igjen lampa tok til å lyse. Ny feilsøk med trykktest av eksosanlegg og lekkasje på tetning mellom manifold og eksos blei påvist. Den blei tetta. Usikker effekt. Lampa lyste i alle fall.
Deretter skifte av lambdasonde (eg må innrømme det: Biltema sin). Trur det var ein forbigåande effekt (1-2 dagar) før igjen lampa kom igjen.
No var det over til Scanauto i Bergen som feilsøkte og meinte det kunne vere tenningsmodulen som kunne vere gåen. I følge teknikar der kom det normal signal frå lambdasonde.
Etter å ha vurdert ny (15000 kroner) opp mot min kjærleik for denne gamle klassikaren måtte eg bite i støvet og skaffa meg ein brukt tenningsmodul til ein hyggelegare pris.
No hadde eg 10 minutt med (i alle fall trudde eg det) betre tomgang (ikkje varierande) før igjen lampa kom på.

Sjølv om feilmeldinga primært har vore "mager blanding" mistenker eg at den reelt har meir enn nok bensin. Det luktar feit blanding når bilen går på tomgang.

No er eg tom for idear! Nokon som kan hjelpe med dette? Har på ingen måte lyst å kvitte meg med den gode gamle men dagens bensinforbruk er ikkje noko hyggeleg avlesing.
Dersom nokon er i "nærleiken" til Førdeområdet er det enno betre.

Roy Båtevik

Brukeravatar
Tor N12
MAX BOOST
Innlegg: 9123
Registrert: 13 aug 2003, 01:00
Medlemsnummer: N012
Navn: Tor
Bil: 9000/9-5/9-3
Sted: Melhus

Re: "Check engine"

Legg inn av Tor N12 » 22 apr 2009, 09:20

Hei og velkommen til forumet!!

Hva slags motorvariant har du?
Jeg skjønner ikke at en tenningsmodul skal koste 15000 :? Eller er det komplett tenningslås du mener?
I allefall så ville jeg ha prøvebyttet luftmengdemåler, om bilen går magert (men det virker jo kansje ikke slik) så er også bensinpumpa en vanlig synder. Så ville jeg tatt den biltemalambdaen og kastet laaangt til skogs i allefall om du har en turbomodell ;)

Du vet ikke hvilke feilkoder du hadde?
M97 9000 AERO Godbilen, evighetsprosjekt....
M07 9-5 A60 Hirsch/MgMotor
M07 9-3 Vector/Aero Cab Hirsch/MgMotor
M09 9-3 Aero XWD Hirsch/MgMotor

roybatevik
Innlegg: 2
Registrert: 21 apr 2009, 10:53

Re: "Check engine"

Legg inn av roybatevik » 22 apr 2009, 10:07

Hei

Feilkode 42492 (mager blanding) og feilkode 58371

Det er ein vanleg 2,0 16V motor utan turbo (beklagelegvis).

Brukeravatar
Tor N12
MAX BOOST
Innlegg: 9123
Registrert: 13 aug 2003, 01:00
Medlemsnummer: N012
Navn: Tor
Bil: 9000/9-5/9-3
Sted: Melhus

Re: "Check engine"

Legg inn av Tor N12 » 22 apr 2009, 16:58

Holder fortsatt en knapp på luftmengdemåleren jeg...
M97 9000 AERO Godbilen, evighetsprosjekt....
M07 9-5 A60 Hirsch/MgMotor
M07 9-3 Vector/Aero Cab Hirsch/MgMotor
M09 9-3 Aero XWD Hirsch/MgMotor

Brukeravatar
Hjelle, N6
Site Admin
Site Admin
Innlegg: 8371
Registrert: 25 feb 2003, 01:00
Medlemsnummer: N6
Kontakt:

Re: "Check engine"

Legg inn av Hjelle, N6 » 26 apr 2009, 20:27

58371 er då dysene, eller feilaktige lukketider på dysene.

Ellers kan du sjekke om du har spenning fram til lambdasonda, du kan også måle motstanden i sonda, den skal være 4-8ohm.

Svar