Bilen vert basert på den nye 9-3 SS, men bilen skal visstnok heite 9-3 Sport Hatch. Som namnet antydar vil vi kanskje sjå igjen den kjære bakluka som skal vere på ein SAAB. Bilen skal visstnok ha 4 seteplassar og ha 5 dører (bakluka er selfølgelig 5-te dør). Motormessigt skal bilen ha ein 2 liter på 250hk, selfølgelig turboladda. Igrunnen rart at dei dreg so mykje effekt ut om det er ein standard 9-3 motor. Kan vi drage den konklusjonen at SAAB har starta å korrigere litt på 9-3 motorane?
Det er ikkje opplyst om bilen har 4x4, so eg går utifrå at det vert vanlig SAAB-hjulstrekk der. Men sidan dei siste konseptbilane har hatt 4x4, og SAAB har antyda at 9-3 kan få 4x4 om ei stund er vel ikkje 4x4 båten gått.
Har ikkje sett bilder somsagt, men september er like om hjørnet, so det overraskar meg ikkje om vi snart får vite meir, sidan rykter har starta å spre seg.
Ellers kan eg melde at SAAB har lansert ei liste over forandringar frå M03 til M04 modellane av 9-3 SS og 9-5.
På 9-5 er den største forandringa at det har dukka op ein motor som erstattar V6-en som har hatt 200hk. Den nye motoren er ein 2.3 liter med 220hk (turbo sjølvsagt), og motoren vert toppmodellen for Linear, Arc og Vector.
Ellers skal Aero få eit tøffare utsjånad, støtfangarane er visstnok endra, og grillen har fått svarte inlegg som det står på info-en frå SAAB. Ellers er det andre felgar som skal vere inspirerte frå 9-x som gjeld, pluss at skoddelysa har fått ein rundare design.
Nytt er også eit insturmentdekor i karbon, som finns som tilval.
Ellers har bilen fått eit betre SID, SID-en har same grafikk som den i 9-3 SS. Ny skinnkledselfarge har også kome, ein lys grå farge.
Dashbordet har også fått ny farge, frå den vanlige grå (som somme meinar har vore litt trist), til ein ny mattsvart farge.
Ellers har bilen fått 5 stejerner i EuroNCAP, grunna ein ny belteplingar, som i 9-3 SS. Nye metalliclkkfargar har også kome, ein svart, ein blåaktig og ein blågrøn variant.
På 9-3 SS er det berre mindre endringar som gjeld sidan det var ein ny modell i fjor. På menyen står ei ny meir tettstega 6-trinnskasse til Aero enn den som var i fjor, og ei ny manuell kasse til 2.2 TiD med ein sokalla overdrive.
Ellers har dei same metalliclakkane som er nye på 9-5 også kome til 9-3 SS. Fleire alufelgar til 9-3 SS er også ting som en kan velge i.
En kan også velge eit instrumentpanel i mørk grå eller djupraud valnøtttre.
Ellers er er det kome ein GPRS-telefon som tilval.
Det skulle vel vere det meste, og eg har no starta å gle meg til 9-3 SH...
