Ta eit søk i forumet på import eller lignandes, eg har skrive mykje om dette temaet tidligare.
Tok heim ein svart M91 900 T16 3d med 5900mil på mäter'n tidlig på våren 2002. Dette var etter rundt trekvart år leiting etter den bilen eg skulle ha. Kika i denne perioda på monge bilar som var direkte dårlige, men som det ofte skjer kom 900:an eg har no opp ut av intet. Kom over ei annonse på turbotorget, der det berre var tekst, og selgar hadde forfatta seg i _kortheit_, samtidig med ein noko høg pris (SEK 80k), som vel gjorde at dei fleste vart skremde. Men etter litt fram og tilbake med selgar (les: sunnmørsk pruting og at selgar forstod at bilen fikk ein god heim) vart prisen redusert slik at det vart overkomelig sjølv med norske avgifter. Angrar kanskje litt i ettertid på at det ikkje vart ein Aero, men markedet var støvsugd for det på den tida eg kika. Og over kjølen dukka det desverre ikkje opp ein bil som stod krava. Krava var BTW at bilen skulle ha mindre enn 10 000 mil på mätern, skinn, 16v turbo (175 eller 185hk), takluke (selfølgelig el.) og at det skulle være en 3d mellom M90 og M93.
Som enkelte seier, importer ein M88-M93 (M94 om du skal ha cab), til nyare bilen er til betre er det egentlig både med tanke på tilstand og tekniske forbetringar. Eg sjølv havna på ein M91 som det ultimate, sidan det var siste år med den gamle grafikken i dashbordet, og dei nye seta ifrå 9k. Kjøper du ein M92-M94 får du ein nyare type instrumentgrafikk som ser litt nyare ut, men personlig likar eg best det gamle. Airbag er også ei muligheit på so nye bilar (M92-M94) om det er viktig for deg.
Ang. plassar å kike anbefalar eg forutenom Blocket (som andre har nemnt) STCS sitt Pryltorg
http://forum.stcs.nu og Fyndbörsen
http://www.fyndbors.se der brukar det somregel å dukke opp bra bilar.
Det beste tipset eg kan gi deg er å ikkje hoppe på den fysste og beste bilen...
Om du skulle ha fleire spm. må du berre fyre laust.
Og til slutt, husk på det er du og ikkje far din som skal ha bilen...
