Som sagt, hadde eg kjøpt JT61-K2, altså med ei potte.
Synes det er litt feitare lyd enn med 2potters systemet. Lydnivået er det same (78dbA) på begge anlegga.
Når det gjeld katten hadde eg kjøpt ein 3" sportskatt, eller køyrt med erstatningsrør for katten. So kunne en ha montert dit katten om det skulle verte problem på PKK.
JT61-H2 ser ut til å vere identisk med K2, meir enn at på H2 er det kun i frå kat og bak.
Men det beste er somsagt eit rustfritt anlegg frå
Ferrita skulle eg ha kjøpt nytt anlegg i dag i grøvare dim. enn det orginale hadde eg sett inn bilen der, og fått eit bygd på bilen. Selfølgelig hadde det vorte i orginal-look, men med ein noko grøvare tone som seg hør og bør. Kostar kanskje litt meir (har ikkje sjekka pris), men har høyrt om folk som har betalt rundt 6000SEK i på fabrikken i Köping, då er selfølgelig ikkje kat. inkludert. Men til gjengjeld får en eit anlegg som held lenge (rustfritt), du får eit anlegg som ser ut akkurat som du vil ha det, og du kan til ei viss grad bestemme korleis anlegget skal høyrast ut også. Og ikkje nok med det, passforma er perfekt alt medan det vert tilpassa bilen din. Bygging av slike spesialanlegg i Norge skjer i Spydeberg.
Men somsagt, er det JT du vil ha, hadde eg gått for K2, fått laga eit system med muffer på katten, slik at du kan skrue inn eit rør eller ein kat alt etter behov, og so betteriböjen til slutt.
Men reknar med andre som køyrer med JT kan kome med fysstehands-erfaringar, dette er den konfigen eg sjølv ville ha hatt når en går utifrå det lydmessige...
