Så var Karl gjennom sister nr av NINES.
Skal forsøke å gi et inntrykk av dette magasinet ut frå dette nr.
Det første eg registerer er at papiret ikkje er av allverdens kvalitet, dog heilt ok. Er vel litt bortskjemt med (Audio)Fidelity, som held høg standard her. Litt som ViMenn. Hadde gjerne sett at omslaget var litt stivare/tjukkare mtp at dette vil bli brukt som oppslagsverk, her bør ein vere nøye med oppbevaringa. Men, dette er flisespikkeri.
Når eg blar om dukkar ei heilside fylt opp til randen med reklame. Dog er det ikkje for mykje av slikt i bladet. Og ikkje er det hvilken som helst reklame heller - her er mange intr tips, slik eg ser det. For det meste er det snakk om selskaper som har spesialisert seg på Saab. Og slikt interesserer vel oss piloter?
Litt vidare i bladet serverer NINES korte leserbrev som omhandlar alt frå
ein to 900 cab som fungerer som bolig for ein gnager, via Koenigsegg, og vidare til ein som har fått stramma opp rumpa på ein 9-5 med nye foringar/demparar.
Så kjem me til det som i stor grad preger bladet; 1-3 siders artiklar sendt inn frå entusiastar rundtom i USA/Canada som omhandlar deira historie; alt frå ei vaksen dame som henta sin tapte kjærlighet, ein Sonett, og kjørte 2.000 miles (!) for å få den heim, til ein gjeng hardcore entusiastars møte med Jay Leno i hans fantastiske garasje/museum. Eine besøkande hjå Jay, som tidl solgte ein ´58 93b til han, får faktisk fixa sin ´61 96 her når han knekker støtdemperfestet på veg frå studioet til garasjen. I Jay Leno´s garasje! Hans 96 brukte han for å komme til LA (han kjørte bl.a. over Rocky Mountain. Om vinteren(!). I desse artiklane blir me kjent med pilotane bak rattet, og deira lidenskapelige forhold til sin Saab.
Eitt racing-team på stramt budsjett har også ei spalte her. Her beskriver dei korleis dei klarer å holde vogna gåande med beskjedne midler tilgjengelig. Kjører ein ´96/´91 900 T.
Og, sist men ikkje minst; praktisk talt alt er dokumentert med bilder. Ikkje overdosar, men der er iallefall bilder.
Modellmessig rekk sjølvsagt ikkje eit blad som teller 40 sider å komme innom alle modellane, men både gamalt og nokså nytt er nevnt, (dog ikkje mykje frå siste, tja, fem års modellar (med unntak av heilt nye 9-5), mulig dei kjem sterkare i andre nr).
Så til ein av dei tyngste grunnane til at eg tegna abonnement på NINES: Proff-artikkel av Chuck Andrews. Akkurat denne artikkelen er nok mest av alt mynta på det amerikanske markedet, men her er også mykje interessant lærdom å ta til seg. Chuck har i 36 år eigd og jobba med Saab, herunder salg, service, karosseri og deler. Denne karen KAN Saab!
Er også eitt og anna leserbrev som kjem med fine tekniske tips. Veldig interessant lesning!
Eitt og anna treff rundtom i junaiten er også nevnt. Ellers er det største av dei alle; SOC (Saab Owners Convention) hyppig nevnt i bladet. Dette må, ut frå kva eg leser, vere verdens største og viktigaste sammenkomst av Saab entusiastar og fagfolk.
Mot slutten av bladet er nye 9-5, Koeniggsegg og Bård Eker nevnt, her får nye modellen både ros og ris.
På siste sidene finn eg annonsane. Ganske bra salgstekst på den eine her; ein 9K Aero som er brukt til og frå kyrkja av Saab-elskande pastor

Ellers er det i salgsannonsane referert myke til
http://www.saabnet.com. Mulig det berre er meg, eller at eg ikkje har funne heilt ut av det enno, men forumet på saabnet virker fryktelig tungvint lagt opp. Nok OT.
Summa summarum:
Dette bladet går rett heim hjå meg og eg er glad eg meldte meg inn i SCNA. Garanterer dog ikkje at det fell i smak hjå alle. Eg ser derimot fram til minst to år med NINES på nattbordet
