Det er dei fire store du nemner du skal kike på Frode, pluss at du sjølvsagt må sjå her på forumet...
Det er tross alt snakk om 11-12 år gamle bilar no for dei nyaste 900:orna, kort oppsummert kan vi seie det slik at dei som har fine eksemplar i hende gjerne beheld dei sjølv, evt. sel dei dyrt (ikkje sjå på meg når det gjeld salg

), men ifrå rundt 50k og opp er det gode muligheiter for å finne noko som er i OK stand og ikkje alt for gammalt. 5d er naturligvis billigare enn 3d, og 2d i T16-tapping er _relativt_ sjeldan.
Du kan rett nok kjøpe ein 8v som 2d, dei finns det fleire av. Og når en tenkjer import er det ikkje so veldig mykje forskjell på T16 og T8 når det gjeld avgifta. Ihvertfall ikkje nokon størrelse på den summen som burde få deg til å velge T8 framfor T16.
Ser også at nokon nemnde T8 Special, har kika litt sjølv for å sondere litt prisar, men dessa er då like dyre som ein fullblods Aero...
Du seier du kan leve med ein S(nik) på 145hk, om det er tilfelle kan også Tyskland vere eit alternativ, synes annakvar annonserte bil på mobile.de er ein slik...

Om en beherskar språket kan ein tysk bil også vere eit alvernativ.