Legg inn
av Hjelle, N6 » 22 okt 2012, 00:01
For å fortelle litt meir SAAB-spesifikt enn linken til Helge, so var det som du seier en Triumph-motor som vart brukt fysste årsmodellane på 99. Men SAAB ansåg etterkvart at denne motoren vart for dårlig, so dei utvikla sin eigen versjon, derfor er lutninga lik på alle motorane til 99 og 900 fram til M93 (M94 cab).
SAAB kom vel med fysste versjon av sin eigen 1985ccm motor (sokalla B-motor) under M72, men kun på EMS. Under åra M73 og M74 hengte 1.85 litern til Triumph med, men kun på billigmodellarne. Verdt å nemne var at SAAB brukte både 1.7 og 1.85 literen til Triumph, men 1.7 gikk berre fram til M71.
M75 hadde alle modellane SAAB sin eigen toliter. Neste stor forandring, om en ser vekk ifrå at en fikk turbolading på M78, var at H-motoren kom som M81 på 900 og M82 på 99. Største forandringane var ny blokk, en komplett motor var 12kg lettare enn B-motoren, samt at motoren hadde høgare kompresjon. Neste (og siste) forbetring av motoren på desse bilane var innføringa av 16v teknikk på M84, 8v motorane hengde med til M88 og enkelte spesialutgåver til M89.
Ellers er jo motoren grunnlaget for motoren som står i 9000, GM900/9-3 og 9-5. Verdt å nemne her er at ved lanseringa av GM900 lykkas SAAB med å korte inn blokka slik at den kunne brukast i GM900 også.
So om en ser litt "stort" på det, so har SAAB brukt same "motorfamilie" ifrå 1972 til 2010, når siste gamle 9-5 gikk ut av produksjon...
Men for å svare på spørsmålet ditt, 900 har aldri hatt Triumph motor, einaste SAAB modell som har hatt det er alle SAAB 99 ifrå M69 til M71, og deretter dei billigare 99-modellane ifrå M72-M74 .