Samlar opp litt svar her:Kjetiln122 skrev:Noen som vet om regler for innførsel av bil som mann skal bruke som dele bil???? Tenkte jeg skulle ta inn en ng900 å bruke deler av den, sende den på huggern etterpå....
Du kan hente kva bil som helst frå utlandet som delebil til Norge.
En treng ikkje noko som helst av papir når det gjeld sjølve bilen (org. vognkort med fysstegongs reg. dato er alltid kjekt å ha lell).
Det du skal betale er mva av kjøpesum pluss det det har kosta deg å hente bilen til Norge. Dette vert kalla CIF-verdi, og det er denne summen en skal betale mva av.
For min del sa eg at kostnaden eg har hatt med å frakte bilen til Norge var den bensinen eg hadde brukt frå Karlstad og til Kongsvinger. Det vart godtatt utan noko problem, men tollbetjenten gløymde å berekne mva. av det...

Når det gjeld dokumentasjon på kjøpesum, so er dei ikkje so strenge har eg inntrykk av, for min del hadde eg eit A5-ark der eg fikk selgar til å skrive at han hadde mottatt ein viss sum for bilen, stad og dato pluss ei underskrift. Det var dokumentasjon nok for tollbua på Kongsvinger.
Men det er nok ikkje dummt å skrive kjøpssum i ei kontrakt (vi hadde kontrakt, men kjøpesumen var ikkje opplyst der).
Når det gjeld transporten til Norge køyrer du på dei utenlanske skilta (dette går bra frå Sverige som eg reknar som mest aktuellt, andre land kan ha andre reglar, dette kan Statens Vegvesen hjelpe deg med).
På grensa stoppar du og fyller i eit deklarasjonsskjema som du har med deg til nærmaste tollbu. Det som er viktig her er å velge ein grenseovergong som har 24/7 opningstid. Charlottenberg og Svinesund har dette, om du planlegg å kome på ei tid på døgnet som er utanom kontrotid. Vanligvis får du 1-3 dagar på å kome deg dit.
På tollbua skal dei utenlandske skilta leverast inn, og moms på CIF-verdi betalast. Dette gjeld uansett om bilen skal brukast som delebil eller ein vanlig norskregistrert bil. Skilnaden er at om du skal ha norske skilt på bilen må en betale eingongavgift. Sjølv om en berre betalar mva av CIF-verdi i fysste omgong kan en alltid kome tilbake for å betale eingongsavgifta. Men då må en ha litt meir dokumentasjon (som vognkort og eit typegodkjenningsbevis).
Å kappe av bilen, eller å løyse motor frå girkasse er IKKJE nødvendig, dette er ein gamal regel som det no er slutt på.
Det eg er litt usikker på er kva du gjer når du ein gong vil sende bilen til høgging. Ein ting er sikkert, og det er at du ikkje får utbetalt vrakpant. Mulig høggaren tek bilen inn for deg utan kostnad, men dette spørsmålet ville eg ha stillt Tollvesenet (som har med utbetaling av vrakpant).
Men somsagt, dette er kva du skal gjere om du gjer det på den lovlige måten. Det er muligens enkelt å gjere det på ein enklare måte (gi f*en i alt papirarbeid og pengeinnbetaling), men du vil nok få problem med den metoda den dagen du skal levere vraket. Du kan også få visse problem om du vert stoppa i ein kontrolli Norge på vei heim, i verste fall kan du risikere å måtte betale eingongsavgifta, då ein normann ikkje har lov tilå køyre ein utenlandsregistrert bil i Norge. har høyrt om eksempel der folk med utenlandsk leigebil har fått eit slikt krav. Trikset der er å stoppe på grensa, der du får eit løyve på å køyre tilnærmaste bilutleige som er tilslutta den kjeda, og få utlevert ein ny norsk bil. Nisseland.