Dei orginale fjørene er ikkje all verden, dei suggar nedi for eit godt ord (hadde Aero-spec. på mine fjører/demparar), skifta til Lesjöfors/Kilen fjører og Bilstein sport demparar, har ikkje subba nokon plass etter det, og har desverre køyrt med ein del vekt i bagasjeromet.
Har berre 195/60-15 dekk (Pirelli P7), men somsagt, med orginale fjører/demparar var det ikkje heilt bra.
Er då monge i klubben her som har 205/50-16 har eg inntrykk av, dei har vel nokre tips om kva config dei køyrer på fjører/demparar.
Men å gå opp i profil var vel ikkje det smartaste du kunne gjere når det subba, eg trur karen som gav det tipset var litt pussa...
På 205/50-16 angir 205 breidda i mm, 50 betyr at dekketkanten er 50% av 205mm totalt , altså 102.5mm totalt, men 51.25mm frå dekkflate til felgkant. Med 55-profil får du 112.75mm totalt, og 56.375mm frå dekkflate til felgkant. Med andre ord aukar rulleomkretsen på dekket, men dekkflata kjem også 5.12mm lengre opp i hjulbuen, mao. større sjangs for subbing i hjulbuen.
Men somsagt, eg trur eg ville ha satsa på dekka som var i 50-profil, og bytta fjører/demparar. Eg trur dei rundt 5kkr i fjører/demparar er betre anvendte pengar enn å kjøpe dei dekka i 55-profil for å få bukt på problemet.
Du kan også søke litt her på forumet, det er ikkje lenge sidan det var oppe akkurat dette med valg av dekk til 16" synes eg å huske.