Importerte 900-en frå Sverige.
Det ser desverre ut som du har havna ombord i B/F Tidsnød, kanskje...
Det du må gjere fortare enn svint er flg:
1. Om bilen er eldre enn 1996 modell må du ha eit godkjenningspapir frå SAAB Norge, også kalla ECE og COC-dokument. Ring til dei, og forklar at du skal importere ein bil som er reg. i utlandet før 1.1.96, og du får nok papira du treng i Posten. Dette kostar nokre kroner, var vel rundt 1500:- NOK om eg ikkje huska feil. Dette dokumentet må du ha før du får registrert bilen. Husk å ha chassisnummer klart, for det dokumentet vert utsendt på chassisnummer.
2. Bestill time på trafikkstajonen. Det er ofte litt ventetid der, og det er lurt å bestille time slik at du får registrert bilen din kjappast mulig. (for det vil du vel??? )
Husk også på at alle avgifter må vere betalt og registrert i Autosys (registeret for Toll og Biltilsynet når det gjeld betalte avgifter) før du møter opp til Trafikkstasjonen og skal ha skilt. For å være sikker er det best å betale inn dagen før en skal registrere bilen.
Kostar ca. 500 for teknisk kontroll om bilen er fysstegongsreg. i utlandet før 1.1.96, nyare enn det slepp å ha teknisk kontroll. Husk også på at skilta kostar rundt 3-400:- NOK.
3. Få ein kopi av det svenske vognkortet (eller der bilen vart fysstegongs.reg), det treng du for å få bruksfrådrag på bilen. Det er litt kipt å måtte betale nybilavgift på ein brukt bil...
Grunnen til at du må ha kopi er at eigarskifte-skjemaet som vert sendt inn (ihvertfall gjorde han eg kjøpte bilen av det), har den informasjonen på den delen som vert sendt inn. Får vel kanskje scanne det svenske vognkortet mitt og legge ut på nett, sidan det er so monge som lurer på akkurat dette. Kopi vert godtatt på tollkontoret.
Ein annan ting som du bør avklare med selgar evt. Vägvärket, er om du skal fylle ut skjema for eksport. Dette slapp eg då han eg kjøpte bilen med fiksa det for meg.
4. Kryss ein bemanna grensestasjon, sidan det er Svinesund dokke skal passere går det greit, husk på å køyre på raudt, og gå inn på tollstasjonen for å fylle ut transittdokument. Spør i disken, so får du rett skjema. Ingenting skal betalast på grensa. Du får eit døgn eller to til å oppsøke nærmaste tollkontor og betale avgiftene.
Sidan det ikkje er Tollstasjon i Kr.sund N lengre, er det Ålesund eller Trondheim som vert nærmast for deg. Eit tips kan då vere å betale avgiftene i Fredrikstad eller ein annan plass som dokke passerar på veien. Sjekk
http://www.toll.no/kunde_info/adresser.html for adresser. Merk at det berre er momsen av CIF-verdien som må betalast inn 1-2 døgn etter grensepassering, sjølve eingongsavgifta treng du ikkje betale før du vil registrere bilen.
Husk også på at når du har betalt moms av CIF-verdien tek Tollvesenet dei svenske skilta dine. Husk derfor på å få kjøpt deg prøveskilt på chassisnummer om du bestemmer deg for å betale avgiftene underveis.
Trur tollvesenet er mest glad i bankremisse eller sjekk, dei var visstnok ikkje glade i cach eller i bankkort. Eg hadde ihvertfall bankremisse på størsteparten av summen, og so tok eg ein liten del på bankkortet. Grøvrekna med bankremissa, slik at det berre vart nokre få tusen som vart over bankkort. Er litt dumt å basere seg på bankkort om du har sperre på ein viss sum på kortet...
5. Den svenske krona er vel no slik at du betalar rundt 90 NOK for 100 SEK. Om du kjøper valuttasjekk er det nokre få øre billigare.
Var ihvertfall det når eg sjekka istad på Sparebanken Møre, mulig andre bankar har andre prisar.
Ellers finn du fleire tips i
http://www.saabturboclub.net/modules.ph ... pic&t=2528
Trur det skulle vere det meste, og viktigaste.
Om det skulle være nokre spørsmål, kan du gjerne kontakte meg enten via mail eller PM. Mail er nok sikrast, les oftare mail enn PM.
Ellers kan det vere greit å snakke med både Tollvesenet og Biltilsynet, då får du ihvertfall vite 100% kva som er rett. Er faktisk rimlig greie å ha med å gjere når en spør konkrete spørsmål. Er godt over 2 år sidan eg henta 900-en, so ting kan ha forandra seg.
Ellers, får eg gratulere med ny bil, det er alltid like kjekt...
